Fin treningshelg

I helga var det duka for årets første test for Randaberg. Me reiste til Sand, der me skulle spele treningskampar mot ToppVolley Norge (TVN) og Nyborg. Det blei ei fin gjennomkjøring som endte i fire relativt solid seierar.
Randaberg - TVN : 3-0
Randaberg - TVN : 3-1
Randaberg - Nyborg : 3-1
Randaberg - Nyborg : 3-0
Randaberg stilte med følgande spelerar: Øystein Holstad, Ron Kjetil Hamansen, Sturla Øydvin, Bjarte M. Helland, Martin Spinnangr, Stian Kvalen, Henrik Berg, Dag Strømsvåg, Jørgen Svendsen og Ole Martin Helland.
Øystein, Henrik og Jørgen gjorde det godt i midten. Dag var både oppleggar, libero og diagonal. Bjarte var diagonal og oppleggar. Ron Kjetil gjorde ein god jobb som libero. Eg og Martin spelte kant. Stian var både kant og diagonal før han fekk fingen ut av ledd (au!). Og Sturla kom inn til Sand og spelte siste kampen som oppleggar. Neste helg er det nok ei treningshelg med de same laga, bare i Randaberghallen. Første seriekamp er i slutten av september.





